lørdag 28. februar 2009

28. februar - Dag 13


I dag var det environment day i Gambia. Siste laurdagen i månaden er det bilforbud på føremiddagen og alle Gambiarar går ut i nabolaget for å rydda bos. Turistane vart oppfordra til å delta i rydding på stranda, og me deltok litt på dette. Tankane våre gjekk til dei som skulle renska opp i den opne kloakken i slummen, for det gjer dei visst også på denne dagen. Ein real dugnad etter god norsk standard. Det fungerer bra, men i meir grisgrendte strøk og langs motorvegane er det tydelegvis ingen som føler noko stort ansvar, og det visar.
Etterpå gjekk me oss ein tur bort på nabohotellet for å sjekka standarden. Det var noko meir «posh» enn hjå oss, men me trøsta oss med at me trivest betre med det nivået me har på Cape Point.
Etter litt sløving og einn dypp i bassenget, fann me ut at me tok ein tur i havet (kanskje siste før me fer)
Dagens utflukt (etter at bilane fekk lov å køyra) gjekk til Kim Kombo. Dette er ein plantasje der dei mellom anna syslar med å laga sin eigen likør. Plantasjen vart driven av to engelske brør som minna oss mykje om Barney frå Aidensfield (mekanikaren i «Med hjartet på rette staden»). Me fekk ei omvising i presseriet og destilleriet, samt at me sjølvsagt fekk smaka på godsakene. Dei laga ymse blandingar av mango, cashewfrukt, banan, sjokolade og kaffe. Desse produkta selde dei i forskjellige sjarmerande heimelaga format og innpakningar, men mest til turistar. Det er dårleg butikk å slja børst til muslimar. Kim Kombo hadde også ein serveringsstad med afrikansk underhaldning (eit slags lokalt Henjatunet). Hadde det ikkje vore så langt unna hadde me kanskje lete oss frista til ein heilaften. Me handla litt og reiste heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar