fredag 27. februar 2009

27. februar - Dag 12




Me var på langtur i dag. Turen gjekk sørover frå Bakau heile vegen til grensa til Senegal. Første stopp var Lamin lodge der me tok kano ut i mangrovesumpen. Me kom nærare inn i mangrovetrea enn på fisketuren, og fekk eit intressant foredrag om plantane og kva dei kunne brukast til. Me fann ei frukt frå mangroven og den kan ein laga pipe av. Då kan ein røyka tobakk, sokkane sine eller andre intressante ting kunne padlemannen fortelja. Han laga til pipa til oss som minne. Me fann også ein kalebass flytande i sumpen, og det var ein vel så bra souvenir som dei malte ein kunne kjøpa, tykte me.
Så bar det av garde til slangeparken med mor motvillig på slep. Gunvor hadde på førehand proklamert at ho ville sitta i bilen, då slangar byr ho imot. Me fekk overtalt ho til å bli med inn, mot at ho slapp å vera nær dei. Parken vart drive av ein franskmann som var utruleg kunnskapsrik, og personleg guida alle besøkande rundt i parken. Han dreiv parken for å redda utryddingstrua reptilar og for folkeopplysing i Gambia. Difor slepp alle gambiarar gratis inn og turistar må betala 100 GMD. Han kunne fortelja at folk i Gambia veit forbausande lite om slangar trass i at utvalet er vesentleg større enn i Norge. På mandinka fins det berre eit ord for svarte slangar, og det er både farlige og ufarlige artar med denne fargen. Han meinte ein kunne redda liv ved å gjera folk mindre redd for reptilar, då mange dødsfall skuldast angsten meir enn gifta. Høgdepunktet på visitten var når han tok ut to pytonslangar av buret og tilbydde folk å ha dei rundt halsen. Jonas og Roar tykte det var gøy, men få andre i gruppa lot seg frista. Gunvor, og til og med Jados, bleikna og trekte seg unna, men slangane var snille som lam og behagelege men kalde skjerf. Seinare lot Gunvor seg overtala til å ta på ein tann- og giftlaus eggslange. Ein stor personleg siger, og i følge vår franske venn, den beste måten å kurera slangefobi på. Me vart også spurt kva slange i verda som farligast, og humra litt over at svaret var ein ekstremitet på det sterke kjønn.
Neste stopp var grensa mot Senegal. Me køyrde til grenseelva i sør ved byen Kartong, og såg over elva som skiller landa. I følge Jados var ulovleg innvandring størst frå Senegal inn i Gambia, for det er lett å gjera raske pengar i Gambia. Litt vanskeleg å forstå når me ser rundt oss.
Etter ei kjapp synfaring på grensa, gjekk turen til Paradise beach der me åt lunch. Chicken yassa på gutta og omelett til mor. Så var det lauging på strondi, som verkeleg levde opp til namnet. Det var ei flott strand med større atlanterhavsbølger enn «heime». Jonas og Pappa bodysurfa i bølgene, men Mor tykte det vart litt voldsomt og valde å sleika sol i staden for.
Så starta den lange turen heimatt. Me tok ein stopp i Tanji for å sjå på den største fiskemarknaden i Gambia, og der traff me att søstera til Jados.Det var ei strond tjåkfull av folk, fisk og fluger. Me kan berre innbilla oss korleis det er har om sommaren. Me fekk også ei omvising i eit av dei mange røykeria på markedet, og dei kunne fortelja om utviklingsprogrammet som låg bak. Røykeriet var som ein norsk turk, full av røyk og sild, og leverte produkt med «six months guarantee». Heile vegen vart me fotfølgde av små tiggande barn, noko som ikkje var så lett å stå imot. Gutta ville ha fotball, og vårt rykte frå vår andre kveld i Gambia hadde tydelegvis nådd heilt hit ut. Me har hardna ein del i løpet av desse dagane, og fekk Jados til å jaga dei vekk med noken pauli ord på mandinka.
Me måtte ha ein tur innom minibanken i dag også. Ein happening som allltid. Du kjedar deg bak i køen, og er stressa når du er fremst sidan det går så j.... treigt. Det er hardt å vera rik...
Me kom oss til slutt heimatt, og kunne bokføra feriens hittil lengste og mest innhalsdrike dag.
No giddar me ikkje eingong tenka på middag og sit i kåken stinkande av røykt sild. Slitne men glade.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar