
Roleg i dag. Me starta dagen med at vår faste sjåfør (Musa) tok oss til minibanken for å fylla på reisekassa. Det er vanskeleg å forklara både vårt forhold til Musa, og kor komplisert det er å få tak i pengar her i landet, men her er eit forsøk:
Første gang me skulle på utflukt insisterte guiden vår på at me køyrde med Musa, som køyrer autorisert turisttaxi. Desse taxiane er grøne, og ingen andre bilar får ha denne fargen. Jados argumenterte med at Musa var den beste sjåføren, og han tenkte på vår sikkerheit. Me trur nok at desse karane har eit symbiotisk forhold som tener dei begge, men så lenge turisttaxiane køyrer på faste prisar, spelar det eigentleg ikkje så stor rolle for oss. Det er greit å forholda seg til «kjensfolk», og begge virkar til å vera grepa karar som du kan stola på.
Banksystemet er også eit intressant kapittel. So langt har me funne ein minibank som virkar i Gambia. Den er i Senegambia, ca 15 min køyrtur frå hotellet. Der er det uttaksgrense på 2000 GMD

Attende på hotellet flotta me oss med «kjøpefrokost» (egg, bacon og pannekaker... mmmmmm) Så var det obligatorisk smøring av myggstikk og solkrem før me tørna på strondi. Der fleska me oss i nokre timar, bada og sola oss. Me fekk dei obligatoriske besøka (Alex the juice man, kvinnegruppa med frukt + smykke-, solbrille- og andre seljarar), men elles var det mest spennande som skjedde at brannkorpset hadde trening, og ein hest hadde rømt.
Elles har me ikkje gjort så mykje anna enn ein tur på bui, og å site på verandaen med ein kaffi (og noko attåt... fruktkake altso!) Hæærli....
I dag kjem nye turistar. Me er spent på om nokon er like «lost» som me følte oss...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar