tirsdag 24. februar 2009

24. februar - Dag 9



Me var på langtur i dag. Me skulle finna staden der Kunta Kinte vart fanga og heldt til han vart seld som slave i det berykta trekanthandelen mellom Afrika , Amerika og Europa.
Turen gjekk frå hotellet til Banjul, der me tok ferga over til Barra. Me hadde delegert alt av billettkjøp, transport og finning av inngangar til guiden vår, og det var nok bra. Skilt er det nemleg dårleg med i Afrika, og mange av dei betyt (bortimot) det motsette av det dei seier.
På kaia vart me sjølvsagt overfalt av seljarar, som hadde batikk, sjal, smykker og anna å by fram. Me haldt dei unna ei stund, men dei gamle damene hadde vore ute ein vinterdag før, og gav seg ikkje utan kamp. Til slutt fekk Gunvor ein nyttig sparring-runde om ei skjorte. Ho fekk tilslaget i overkant av halve prisen. Dette førte til at «Sjefsgamla» vart fornærma og gjekk på med nye krefter. Ho hadde me nemleg slått fra oss tidlegare. Tanken på å mista ansikt på kaia likte ho visst dårleg.
Fergeturen var i seg sjølv ein attraksjon. Stinnt av folk, bilar av tvilsom standard, geiter, høner og «you name it». Dessutan sat me på dekk, og det var KALDT! Men me kom over elva til slutt, sjølv om turen tok over ein time. På andre sida møtte me sjøføren som skulle ta oss til Albreda, der Kunta Kinte (frå Alex Hayleys «Roots») kom frå. Vegen oppover Gambiaelva fekk Henjadalen og andre traktorvegar heime til å sjå rimeleg bra ut, så me brukte litt tid på dei 30 km me måtte køyra for å komma til Albreda. På vegen køyrde me gjennom mange landsbyar, og der kasta me snop til ungane som visstnok var ein lokal skikk.
Vel framme fekk me ein vita at åttende generasjon etter Kunta Kinte framleis levde i landsbyen. Me fekk ein båttur ut til St James Island akkompagnert av ein lokal musikar som tromma og sang av full hals. Han fletta namna våre inn i lokale sangar om slavane og Kunta Kinte. «No Gunvor, no cry..» var ein klar høgdare på vegen tilbake frå øya. St James var staden der slavane vart lagra medan dei venta på transporten over havet. Øya vert stadig mindre pga elveerosjonen, og den er kanskje vekke om 30-40 år. Det var ein tankevekkar å sjå dette Afrikas Holocaust, men trommisen understreka at me ikkje skulle vera triste, men vera glad for at desse tidene er over for lengst. «We can forgive, but never forget!»
Når me kom på land vart me møtt av nye seljarar, og Roar fekk tilslaget på to masker etter at seljaren hadde pruta seg sjølv ned til halve prisen.
Me var innom slavemuseet der me fekk sjå ein komprimert historikk over slavehandelen frå Afrika. Der var det også ein kopi av ei slaveskute i halv storleik.. me fekk ikkje lyst på cruise med den båten, nei.
På veg til bilen traff me den lokale Kora-spellemannen. Han også spelte og sang om oss, og Roar fekk eit lynkurs i korleis ein trakterer dette instrumentet. Roar må nok øva litt før det vert råd å opptre med.
Ein lang dag gjekk mot ende, og me sette nasen heimover. Attende til ferja såg me til vår glede at me kunne gå rett på. Det var berre det at dei måtte vaska først. Heile ferjekøen måtte pent venta til mannskapet hadde feid over ferja og måka appelsinskal og bos. Me fekk omsider slappa ombord, så var det raka vegen heim på hotellet der ein middag tok tabbe på den siste rest av energi i våre tapre reisande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar