søndag 22. februar 2009

22. februar - Dag 7



Kvar dag er eit bombardemang av inntrykk, og me kjenner at det røyner på litt etterkvart.
I dag var ambisjonsnivået lavt, og planen var kun «sengjamat» til bror til Jados, og Jonas skulle på fotballkamp på ettermiddagen. Me starta med ein roleg føremiddag med dusj og smørjing av myggstikk og solbrent hud. Guiden vår skulle plukka oss opp kl 12, og han kom tidleg. Jados hadde med gåver til oss, samt baoba, som han skulle laga juice av (Very good for stomach)
Så var det ut på tur. På vegen kom Gunvor på at me måtte ha med gåver til babyen me skulle helsa på, og kursen vart lagt om mot næraste supermarked. Jonas lot seg overtala til ein hårklypp på vegen, så me installerte han på Destiny Barbeshop og gjekk for å handla til den lille. Etter råd frå Jados var presangane kondensert mjølk, frokostblanding og matolje. Dette er nødvendigheiter som kan gjera livet til ei fattig mor i Gambia noko enklare. Hårklyppen tok tid, sjølv om Jonas (sjølvsagt) gjekk føre i køen. (European and Indian hair is most difficult to cut) Men han vart no ferdig til slutt.
Etter klyppen gjekk turen inn i slummen til familien me skulle besøka. Forholda dei budde under var mildt sagt kummerlege sett med norske auge. Familien på fem budde i eit rom på rundt 20 kvadrat med to sofaar, ein stol eit bord og ei dobbeltseng. I hjørnet han eit forheng, og det var, skap lager og «privaten».Veggene var av mur, og taket av rusta bølgjeblekk. Toalett var felles utedo i bakgården, og kjøkkenet var eit bølgjeblekkskur (også felles). Det var sjølvsagt ikkje dørar, vindauge, straum og innlagt vatn. Men me fekk helsa på det vesle nurket på tre veker som låg og sov på den (skitne) senga. Gunvor smelta umiddelbart, og sjølv me store sterke karar tykte det var eit nydeleg barn.
Turen vår som skulle ta ein times tid hadde no vart i to. Me vart bydde på Gambisk lunch, og me takka ja. Ikkje heilt utan kvaler når me såg kor lite desse folka hadde. Medan me venta på maten gjekk praten om laust og fast, men den stopp opp av og til pga gjestene si måping over forholda i nabolaget og vertskapet sin dårlege engelsk. Dei lurte på om me ikkje var «happy» sidan me var så stille, men me forvissa dei om at det var andre ting som brakte oss til tausheit.
Etter kvart kom maten, og alle våre gode forsetter om europeisk hygiene vart skubba bak i hovudet. Ikkje det at maten var ureinsleg tillaga, men felles matskål og mat tiberedt nær open kloakk, over open eld og skeier (kanskje) vaska i spillvatn er litt utanom allfarveg for oss. Det var likevel det beste me har smakt så langt i Gambia. Chicken Jazza på ekte lokalt vis var ei oppleving trass i dei litt lugubre forholda. Me åt, godt, men gav oss litt før me hadde lyst, då me såg det var nok av munnar å metta. Me fekk sitta rundt bordet medan vertskapet sat utanfor i rennesteinen og åt. Det var ei gjestfriheit ein berre må ta av seg hatten for... Etter maten vanka det grøn te som var sterk og søt. Før me gjekk gav me familien 400 dalasi som takk for alt.
Vel forsynte braut me opp og la kursen mot hotellet att. Ryktet hadde tydeleg vis spreidd seg i nabolaget, for i eit portrom kom det springande ei kvinne som kunne fortella at ho også hadde ein baby, og me kunne komma inn. Ho vart litt snurt når Roar berre tok bilete av ho og stakk.
I gata ned mot hotellet traff me på eit opptog med ein maskert dansar masse trommer og hojande ungar. Det var forventa at me gav nokre «små-gærninger» for å fotografera dette, og det gjorde me.
Etter tre dagar med hardkøyr klarde ikkje Jonas å manna seg opp til Gambisk lokaloppgjer (Bakau mot Banjul), så me beslutta å droppa fotballkampen. Ny sjanse neste søndag.
Resten av dagen skal brukast til fordøying av inntrykk og nedkjøling i poolen. I morgon har me ikkje andre planar enn eit besøk i minibanken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar