søndag 1. mars 2009

1. mars - Dag 14



Albert market var dagens mål. Me starta seint (rundt 11) og køyrde avgarde med godt mot. Då me kom til Banjul var det ein kort og forvirrande diskusjon som førte oss inn i det lokale markedet. Ingen av oss ville dit, men me endte der likevel. Det var ei spennande reise blant høner, fisk og ymse lanbruksprodukt utan det store kjøpepresset. Etterpå gjekk me inn i tourist market, og då begynte presset å melda seg. Våre evner som prutarar vart sett skikkeleg på prøve. Me gjekk på ei sjappe for å kjøpa «talking-drum» til Jonas, og pappa vart frista til å kjøpa ei djembe. Jados forsikra at frakten heim var «no problem» og tida vil visa om han har rett. Turen rundt i markedet var prega av at det var søndag... lite kundar og masse innsats på oss få j... som var der. Gunvor vart fort utslitt, men Roar tykte det var litt morsomt. Det er ein klar fordel å ikkje villa handla med dette systemet.
På vegen heim stoppa me hjå Jados sin skreddar som skulle sy trekk til djemben. Det kosta 300 gmd i material, og arbeidet betalte me «from your heart»... Korleis skal me finna ut av det....?
Vel heime ville Gunvor ut i «spissroten» utanfor hotellet for å skaffa seg ei taska med afrikansk mønster. Me gjekk til bod nr 6 som me lenge hadde lovd eit besøk. Roar starta ein forhandling om veska som var steinhard. I mellomtida lot Gunvor seg lura inn i klesavdelinga og ho fann ein fin kjole. Kjoledama var søstera til veskemannen, så me kunne køyra felles forhandlingar. Etter at Roar hadde overtalt alle (inklusive Gunvor) om at han tenar alle pengane i familien, fekk han føra forhandlingane. Ti beinharde minuttar seinare var alle fornøgde.
Så reiste me ut med Jados og Musa, for å ha ein avskjedsmiddag. Ein hyggeleg gest som alle kosa seg med. Gutta fekk dessert , for sikkert første gang i sitt liv, og alle var nøgde. Det var ei trivlig stund.
Det er ei vemodig stund når me forlet Afrika, og våre nye venner her er ikkje minst prega av stundens alvor. Det blir spennande å sjå korleis avskjedens alvor vert i morgon. Håpar det vert OK.

lørdag 28. februar 2009

28. februar - Dag 13


I dag var det environment day i Gambia. Siste laurdagen i månaden er det bilforbud på føremiddagen og alle Gambiarar går ut i nabolaget for å rydda bos. Turistane vart oppfordra til å delta i rydding på stranda, og me deltok litt på dette. Tankane våre gjekk til dei som skulle renska opp i den opne kloakken i slummen, for det gjer dei visst også på denne dagen. Ein real dugnad etter god norsk standard. Det fungerer bra, men i meir grisgrendte strøk og langs motorvegane er det tydelegvis ingen som føler noko stort ansvar, og det visar.
Etterpå gjekk me oss ein tur bort på nabohotellet for å sjekka standarden. Det var noko meir «posh» enn hjå oss, men me trøsta oss med at me trivest betre med det nivået me har på Cape Point.
Etter litt sløving og einn dypp i bassenget, fann me ut at me tok ein tur i havet (kanskje siste før me fer)
Dagens utflukt (etter at bilane fekk lov å køyra) gjekk til Kim Kombo. Dette er ein plantasje der dei mellom anna syslar med å laga sin eigen likør. Plantasjen vart driven av to engelske brør som minna oss mykje om Barney frå Aidensfield (mekanikaren i «Med hjartet på rette staden»). Me fekk ei omvising i presseriet og destilleriet, samt at me sjølvsagt fekk smaka på godsakene. Dei laga ymse blandingar av mango, cashewfrukt, banan, sjokolade og kaffe. Desse produkta selde dei i forskjellige sjarmerande heimelaga format og innpakningar, men mest til turistar. Det er dårleg butikk å slja børst til muslimar. Kim Kombo hadde også ein serveringsstad med afrikansk underhaldning (eit slags lokalt Henjatunet). Hadde det ikkje vore så langt unna hadde me kanskje lete oss frista til ein heilaften. Me handla litt og reiste heim.

fredag 27. februar 2009

27. februar - Dag 12




Me var på langtur i dag. Turen gjekk sørover frå Bakau heile vegen til grensa til Senegal. Første stopp var Lamin lodge der me tok kano ut i mangrovesumpen. Me kom nærare inn i mangrovetrea enn på fisketuren, og fekk eit intressant foredrag om plantane og kva dei kunne brukast til. Me fann ei frukt frå mangroven og den kan ein laga pipe av. Då kan ein røyka tobakk, sokkane sine eller andre intressante ting kunne padlemannen fortelja. Han laga til pipa til oss som minne. Me fann også ein kalebass flytande i sumpen, og det var ein vel så bra souvenir som dei malte ein kunne kjøpa, tykte me.
Så bar det av garde til slangeparken med mor motvillig på slep. Gunvor hadde på førehand proklamert at ho ville sitta i bilen, då slangar byr ho imot. Me fekk overtalt ho til å bli med inn, mot at ho slapp å vera nær dei. Parken vart drive av ein franskmann som var utruleg kunnskapsrik, og personleg guida alle besøkande rundt i parken. Han dreiv parken for å redda utryddingstrua reptilar og for folkeopplysing i Gambia. Difor slepp alle gambiarar gratis inn og turistar må betala 100 GMD. Han kunne fortelja at folk i Gambia veit forbausande lite om slangar trass i at utvalet er vesentleg større enn i Norge. På mandinka fins det berre eit ord for svarte slangar, og det er både farlige og ufarlige artar med denne fargen. Han meinte ein kunne redda liv ved å gjera folk mindre redd for reptilar, då mange dødsfall skuldast angsten meir enn gifta. Høgdepunktet på visitten var når han tok ut to pytonslangar av buret og tilbydde folk å ha dei rundt halsen. Jonas og Roar tykte det var gøy, men få andre i gruppa lot seg frista. Gunvor, og til og med Jados, bleikna og trekte seg unna, men slangane var snille som lam og behagelege men kalde skjerf. Seinare lot Gunvor seg overtala til å ta på ein tann- og giftlaus eggslange. Ein stor personleg siger, og i følge vår franske venn, den beste måten å kurera slangefobi på. Me vart også spurt kva slange i verda som farligast, og humra litt over at svaret var ein ekstremitet på det sterke kjønn.
Neste stopp var grensa mot Senegal. Me køyrde til grenseelva i sør ved byen Kartong, og såg over elva som skiller landa. I følge Jados var ulovleg innvandring størst frå Senegal inn i Gambia, for det er lett å gjera raske pengar i Gambia. Litt vanskeleg å forstå når me ser rundt oss.
Etter ei kjapp synfaring på grensa, gjekk turen til Paradise beach der me åt lunch. Chicken yassa på gutta og omelett til mor. Så var det lauging på strondi, som verkeleg levde opp til namnet. Det var ei flott strand med større atlanterhavsbølger enn «heime». Jonas og Pappa bodysurfa i bølgene, men Mor tykte det vart litt voldsomt og valde å sleika sol i staden for.
Så starta den lange turen heimatt. Me tok ein stopp i Tanji for å sjå på den største fiskemarknaden i Gambia, og der traff me att søstera til Jados.Det var ei strond tjåkfull av folk, fisk og fluger. Me kan berre innbilla oss korleis det er har om sommaren. Me fekk også ei omvising i eit av dei mange røykeria på markedet, og dei kunne fortelja om utviklingsprogrammet som låg bak. Røykeriet var som ein norsk turk, full av røyk og sild, og leverte produkt med «six months guarantee». Heile vegen vart me fotfølgde av små tiggande barn, noko som ikkje var så lett å stå imot. Gutta ville ha fotball, og vårt rykte frå vår andre kveld i Gambia hadde tydelegvis nådd heilt hit ut. Me har hardna ein del i løpet av desse dagane, og fekk Jados til å jaga dei vekk med noken pauli ord på mandinka.
Me måtte ha ein tur innom minibanken i dag også. Ein happening som allltid. Du kjedar deg bak i køen, og er stressa når du er fremst sidan det går så j.... treigt. Det er hardt å vera rik...
Me kom oss til slutt heimatt, og kunne bokføra feriens hittil lengste og mest innhalsdrike dag.
No giddar me ikkje eingong tenka på middag og sit i kåken stinkande av røykt sild. Slitne men glade.

torsdag 26. februar 2009

25.-26. februar - Dag 10-11



Hotellet vart vår base i dag. Avslapping var målet, og me klarte det, nesten. Sløv morgon med kaffe, venta med frokosten til Jonas velsigna oss med sitt nærvær. Så ein tur på bui for å handla sjokoladekjeks og drikkevarer. Me fekk følgje på vegen. Eit par karar gjekk med oss heile vegen til butikken, med dei beste hensikter og venleg prat. Først dei sitste 20 metrane kom den eigentlege hensikten fram: dei mangla mat og ville ha pengar. Dei fekk ikkje noko, etter å ha fotfølgt oss i eit par-tre kilometer, men me fekk nok ein ettertanke. Me taklar «redeleg» tigging med våre erfaringar frå Norge, men skikken med å kamuflera seg bak høfligheit og venleg prat likar me ikkje. Det er ikkje noko koseleg å be folk om å dra til h...., og du risikerer heile tida å ta feil mellom velmeinande folk og «bumsters». Jados minner oss heile tida på at «Everybody wants to make a buissness», og «give from your heart», men visdommen manglar nokon parametrar for at me skal kunne manøvrera trygt etter dette. Intuisjonen er eit viktig instrument, og den er ingen veltrent muskel hjå enkelte i selskapet.
Resten av dagen slappa me av ved poolen innanfor hotellet sine trygge murar. Gunvor gikk til hotellet sin massasjesalong og fekk full kroppsmassasje. Hotellet fekk seg romaskin i dag. Ei stor hending som gutta i bakgården tykte var spennande. Dei ror og ror og tykkjer det er stor stas.
I ettermiddag fekk me besøk av Jados igjen. Han skaffar oss ein jamn straum av brød og frukt, så me lid absolutt ingen naud.

Torsdag vart oså sløvedag. Me starta med minibanktur, som tok litt tid. Automaten var »temporarily out of service», og då ventar ein. Etter ein halvtime var automaten oppe og gikk igjen, og uttaket kunne byrja. Så var det frokost. Ein av solstolgutta snakka med oss i formiddag og lurte på kor i Norge me var frå. Det viste seg at guten (på rundt femti) hadde budd mange år på vestlandet, både Bergen, Florø, Dale og Måløy. Spesiellt sjarmerande, tykte me, var at han hadde gått på Fjordane folkehøgskule, og vore eidar i eit år.
Me heldt oss inne i hotellhagen i dag også. Soling, bading og sløving.
På kvelden var me på resturanten «One For The Road» oppe i gata. Dei er billige og nyetablerte, og me fekk etterkvart vita at dei hadde norsk kokk som heiter Ola Jensrud ( Ekte Ola Nordmann fra norge). Innehavaren var ein festleg rastamann som har budd 22 år i Norge. Ein hyggeleg kveld med Gambisk mat og kosleg konversasjon på gebrokkent norsk...
Heime på hotellet var det fullt folkloreshow frå ei gruppe frå fulastammen. Roar gikk amok med kamera og fekk mange actonbilete. No er det Texas holdem (beinhard).

tirsdag 24. februar 2009

24. februar - Dag 9



Me var på langtur i dag. Me skulle finna staden der Kunta Kinte vart fanga og heldt til han vart seld som slave i det berykta trekanthandelen mellom Afrika , Amerika og Europa.
Turen gjekk frå hotellet til Banjul, der me tok ferga over til Barra. Me hadde delegert alt av billettkjøp, transport og finning av inngangar til guiden vår, og det var nok bra. Skilt er det nemleg dårleg med i Afrika, og mange av dei betyt (bortimot) det motsette av det dei seier.
På kaia vart me sjølvsagt overfalt av seljarar, som hadde batikk, sjal, smykker og anna å by fram. Me haldt dei unna ei stund, men dei gamle damene hadde vore ute ein vinterdag før, og gav seg ikkje utan kamp. Til slutt fekk Gunvor ein nyttig sparring-runde om ei skjorte. Ho fekk tilslaget i overkant av halve prisen. Dette førte til at «Sjefsgamla» vart fornærma og gjekk på med nye krefter. Ho hadde me nemleg slått fra oss tidlegare. Tanken på å mista ansikt på kaia likte ho visst dårleg.
Fergeturen var i seg sjølv ein attraksjon. Stinnt av folk, bilar av tvilsom standard, geiter, høner og «you name it». Dessutan sat me på dekk, og det var KALDT! Men me kom over elva til slutt, sjølv om turen tok over ein time. På andre sida møtte me sjøføren som skulle ta oss til Albreda, der Kunta Kinte (frå Alex Hayleys «Roots») kom frå. Vegen oppover Gambiaelva fekk Henjadalen og andre traktorvegar heime til å sjå rimeleg bra ut, så me brukte litt tid på dei 30 km me måtte køyra for å komma til Albreda. På vegen køyrde me gjennom mange landsbyar, og der kasta me snop til ungane som visstnok var ein lokal skikk.
Vel framme fekk me ein vita at åttende generasjon etter Kunta Kinte framleis levde i landsbyen. Me fekk ein båttur ut til St James Island akkompagnert av ein lokal musikar som tromma og sang av full hals. Han fletta namna våre inn i lokale sangar om slavane og Kunta Kinte. «No Gunvor, no cry..» var ein klar høgdare på vegen tilbake frå øya. St James var staden der slavane vart lagra medan dei venta på transporten over havet. Øya vert stadig mindre pga elveerosjonen, og den er kanskje vekke om 30-40 år. Det var ein tankevekkar å sjå dette Afrikas Holocaust, men trommisen understreka at me ikkje skulle vera triste, men vera glad for at desse tidene er over for lengst. «We can forgive, but never forget!»
Når me kom på land vart me møtt av nye seljarar, og Roar fekk tilslaget på to masker etter at seljaren hadde pruta seg sjølv ned til halve prisen.
Me var innom slavemuseet der me fekk sjå ein komprimert historikk over slavehandelen frå Afrika. Der var det også ein kopi av ei slaveskute i halv storleik.. me fekk ikkje lyst på cruise med den båten, nei.
På veg til bilen traff me den lokale Kora-spellemannen. Han også spelte og sang om oss, og Roar fekk eit lynkurs i korleis ein trakterer dette instrumentet. Roar må nok øva litt før det vert råd å opptre med.
Ein lang dag gjekk mot ende, og me sette nasen heimover. Attende til ferja såg me til vår glede at me kunne gå rett på. Det var berre det at dei måtte vaska først. Heile ferjekøen måtte pent venta til mannskapet hadde feid over ferja og måka appelsinskal og bos. Me fekk omsider slappa ombord, så var det raka vegen heim på hotellet der ein middag tok tabbe på den siste rest av energi i våre tapre reisande.

mandag 23. februar 2009

23. februar - Dag 8



Roleg i dag. Me starta dagen med at vår faste sjåfør (Musa) tok oss til minibanken for å fylla på reisekassa. Det er vanskeleg å forklara både vårt forhold til Musa, og kor komplisert det er å få tak i pengar her i landet, men her er eit forsøk:
Første gang me skulle på utflukt insisterte guiden vår på at me køyrde med Musa, som køyrer autorisert turisttaxi. Desse taxiane er grøne, og ingen andre bilar får ha denne fargen. Jados argumenterte med at Musa var den beste sjåføren, og han tenkte på vår sikkerheit. Me trur nok at desse karane har eit symbiotisk forhold som tener dei begge, men så lenge turisttaxiane køyrer på faste prisar, spelar det eigentleg ikkje så stor rolle for oss. Det er greit å forholda seg til «kjensfolk», og begge virkar til å vera grepa karar som du kan stola på.
Banksystemet er også eit intressant kapittel. So langt har me funne ein minibank som virkar i Gambia. Den er i Senegambia, ca 15 min køyrtur frå hotellet. Der er det uttaksgrense på 2000 GMD (5 – 600 NOK) pr uttak, men du kan ta så mange rundar du vil. Det går usannsynleg treigt, så for å få ut det du treng for eit par dagar må du rekna med å mata kortet i automaten i eit kvarterts tid. I tillegg er det alltid kø av tålmodige Gambiarar og meir eller mindre frustrerte europearar. Me har røvi full av pengar, men det er ikkje så lett å få tak i dei (ikkje så dumt eigentleg).
Attende på hotellet flotta me oss med «kjøpefrokost» (egg, bacon og pannekaker... mmmmmm) Så var det obligatorisk smøring av myggstikk og solkrem før me tørna på strondi. Der fleska me oss i nokre timar, bada og sola oss. Me fekk dei obligatoriske besøka (Alex the juice man, kvinnegruppa med frukt + smykke-, solbrille- og andre seljarar), men elles var det mest spennande som skjedde at brannkorpset hadde trening, og ein hest hadde rømt.
Elles har me ikkje gjort så mykje anna enn ein tur på bui, og å site på verandaen med ein kaffi (og noko attåt... fruktkake altso!) Hæærli....
I dag kjem nye turistar. Me er spent på om nokon er like «lost» som me følte oss...

søndag 22. februar 2009

22. februar - Dag 7



Kvar dag er eit bombardemang av inntrykk, og me kjenner at det røyner på litt etterkvart.
I dag var ambisjonsnivået lavt, og planen var kun «sengjamat» til bror til Jados, og Jonas skulle på fotballkamp på ettermiddagen. Me starta med ein roleg føremiddag med dusj og smørjing av myggstikk og solbrent hud. Guiden vår skulle plukka oss opp kl 12, og han kom tidleg. Jados hadde med gåver til oss, samt baoba, som han skulle laga juice av (Very good for stomach)
Så var det ut på tur. På vegen kom Gunvor på at me måtte ha med gåver til babyen me skulle helsa på, og kursen vart lagt om mot næraste supermarked. Jonas lot seg overtala til ein hårklypp på vegen, så me installerte han på Destiny Barbeshop og gjekk for å handla til den lille. Etter råd frå Jados var presangane kondensert mjølk, frokostblanding og matolje. Dette er nødvendigheiter som kan gjera livet til ei fattig mor i Gambia noko enklare. Hårklyppen tok tid, sjølv om Jonas (sjølvsagt) gjekk føre i køen. (European and Indian hair is most difficult to cut) Men han vart no ferdig til slutt.
Etter klyppen gjekk turen inn i slummen til familien me skulle besøka. Forholda dei budde under var mildt sagt kummerlege sett med norske auge. Familien på fem budde i eit rom på rundt 20 kvadrat med to sofaar, ein stol eit bord og ei dobbeltseng. I hjørnet han eit forheng, og det var, skap lager og «privaten».Veggene var av mur, og taket av rusta bølgjeblekk. Toalett var felles utedo i bakgården, og kjøkkenet var eit bølgjeblekkskur (også felles). Det var sjølvsagt ikkje dørar, vindauge, straum og innlagt vatn. Men me fekk helsa på det vesle nurket på tre veker som låg og sov på den (skitne) senga. Gunvor smelta umiddelbart, og sjølv me store sterke karar tykte det var eit nydeleg barn.
Turen vår som skulle ta ein times tid hadde no vart i to. Me vart bydde på Gambisk lunch, og me takka ja. Ikkje heilt utan kvaler når me såg kor lite desse folka hadde. Medan me venta på maten gjekk praten om laust og fast, men den stopp opp av og til pga gjestene si måping over forholda i nabolaget og vertskapet sin dårlege engelsk. Dei lurte på om me ikkje var «happy» sidan me var så stille, men me forvissa dei om at det var andre ting som brakte oss til tausheit.
Etter kvart kom maten, og alle våre gode forsetter om europeisk hygiene vart skubba bak i hovudet. Ikkje det at maten var ureinsleg tillaga, men felles matskål og mat tiberedt nær open kloakk, over open eld og skeier (kanskje) vaska i spillvatn er litt utanom allfarveg for oss. Det var likevel det beste me har smakt så langt i Gambia. Chicken Jazza på ekte lokalt vis var ei oppleving trass i dei litt lugubre forholda. Me åt, godt, men gav oss litt før me hadde lyst, då me såg det var nok av munnar å metta. Me fekk sitta rundt bordet medan vertskapet sat utanfor i rennesteinen og åt. Det var ei gjestfriheit ein berre må ta av seg hatten for... Etter maten vanka det grøn te som var sterk og søt. Før me gjekk gav me familien 400 dalasi som takk for alt.
Vel forsynte braut me opp og la kursen mot hotellet att. Ryktet hadde tydeleg vis spreidd seg i nabolaget, for i eit portrom kom det springande ei kvinne som kunne fortella at ho også hadde ein baby, og me kunne komma inn. Ho vart litt snurt når Roar berre tok bilete av ho og stakk.
I gata ned mot hotellet traff me på eit opptog med ein maskert dansar masse trommer og hojande ungar. Det var forventa at me gav nokre «små-gærninger» for å fotografera dette, og det gjorde me.
Etter tre dagar med hardkøyr klarde ikkje Jonas å manna seg opp til Gambisk lokaloppgjer (Bakau mot Banjul), så me beslutta å droppa fotballkampen. Ny sjanse neste søndag.
Resten av dagen skal brukast til fordøying av inntrykk og nedkjøling i poolen. I morgon har me ikkje andre planar enn eit besøk i minibanken.

lørdag 21. februar 2009

21. februar - Dag 6


Me reiste på fisketur i dag. Me skulle på creek fishing som er fiske i brakkvatnet ytst i «fjorden», dvs Gambiafloden. Ein lang utfart gjennom mangroveskogen fekk mor og far til å minnast naturprogramma frå barndommen. Jonas svarte berre «Sverre M kefornoke». Me reiste i ein svær båt (sikkert 40 fot) som me hadde heilt for oss sjølve.
Utstyret var krok m agn og søkke. Agnet var fiskebitar og reker. Jonas fekk første fisken som var liten og søt. Me fekk ikkje med oss namnet på dei to små sortane me fekk, men dei beit villig vekk. Gunvor fekk den første butterfish, som er ein tung, tett fisk som slost bra. Denne fisken har kraftige tenner og bles seg opp når du tek han av kroken, morsom å få. Vårt hovudmål var å fanga barracuda, og me trudde Gunvor fekk ein etter ei stund på sjyen. Ho trekte opp ein småfisk, og «barracudaen» hadde bite seg seg fast i fangsten. Trass heltemodig innsats med hoven klarte ikkje Gunvor og kapteinen å landa beistet. Etter ei stund fekk Roar den første av denne fisken rett på kroken. Me fekk han ombord, og den vart artsbestemt som silverfish. Ikkje så rart eigentleg for fisken var skinande søvblank og rundt ein alen lang. Seinare høyrde me folka på hotellet kalla han snakefish som også var logisk, sidan han var lang og bukta og vrei seg som ein slange. Seinare hadde både Roar og Gunvor slike rakkarar hengande i fangsten, men me myste dei trass hard kamp. Jonas landa to stykker av desse, og kom til slutt ut som champion på turen med 19 fisk. Fiskeutstyret hadde fortom av stål, og den vart biten over fleire gonger. Afrikanske fisk har skarpe tenner.
Alt i alt fekk me vel rundt 40 fisk på tre-fire timar, og mannskapet var vel nøgde når me sette nasen heimover. Ingen tykte det var rart at kaptein lot fisken ligga i sola i denne tida (det er vel slik dei gjer det her). Vel heime vart me plukka opp av trufaste Musa (må jo ha privatsjåfør, må vita) som tok oss attende til hotellet. Jados var svært opptatt av å få utnytta all fisken, og etter at kokken hadde plukka ut matfisken som me skal få til kvelds, tok han med seg resten. I Gambia kastar ein ikkje hyser ein gang. Me får litt perspektiv på vår livsstil når me ser korleis Gambiarar ser på ein begrensa ressurs som mat. Når me ikkje klarar restan av appelsina vår, nøler ikkje guiden vår med å eta opp resten (men han et ikkje det kvite).
I ettermiddag har me site utanfor kåken vår og slappa av og fordøyd intrykka frå dagen. Me er godt nøgde, og Jonas fekk fisketuren sin.... HAPPY!!!
Snart skal me ut og eta fangsten vår, me gler oss. Håpar at det vert opptur, sidan me jobba så «hardt» for å skaffa han. Luksusdyra vil jo gjerne at dagens innsats skal verta ei kulinarisk oppleving.

fredag 20. februar 2009

20. februar - Dag 5


Varmt i dag! 35 grader og mange plassar å sjå. Me starta i krokodilleparken. Dyra var rolige, me hadde litt respekt for dei stygge kjeftane. Krokodilleparken er ein trdisjonell plass for fruktbarheit, og kvinner kunne komma hit for å få barn. For oss var det ganke eksotisk og me kunne «kosa» med krokodillane utan fare for å bli spist.
Etter det var det ape sightseeing. Do not feed the monkeys betyr; Ta med deg peanøtter, så blir det dobbelt så moro! Jados hadde
stor suksess med apene og oss, og moro var det! Me fekk sjå dei sosiale greenbacks og såg snurten av dei meir sky reds.
Så var det avgarde til dyrehagen. På vegen stoppa me på det lokale dyremarkedet, det dei rettruande må kjøpa geiter til ofring med jamne mellomrom. Der var det også kyr og (selfølgeleg) store mengder hjelpsomme Gambiarar og salsboder. Me slutta dagen med ein tur til «orphan animal reserve». Me skulle få køyra inn, men planen skar seg litt. Me måtte gå inn, og det var rimeleg heitt og støvete. Jados sang og oppmuntra og gjorde sitt beste for at me skulle føla oss vel. På veg ut av reservatet gjekk me spissrot mellom salsboder, og me fekk svært gode tilbod på lokalt handverk. Men på dette tidspunktet var me så trøytte at handel vardet siste me tenkte på. Rett i bilen og heim.
Jados og Musa (sjåfør) er blitt våre skytshelgenar her nede, og me stolar heilt på dei. Av og til tenkjer me sjølve (legebesøk), og slit litt med å forklara det. Men det er Afrika: rett frå sekken utan noko utanomsnakk. Du må vera tydeleg i kva du vil, og gi klar beskjed om kva du IKKJE vil. Uvant for oss, men me skjønnar det etterkvart. Jados er ein utruleg initiativrik mann med stor arbeidsmoral og idear, men samtidig skjønar han ikkje at våre «sinnsvake» løner har sammanheng med høgt kostnadsnivå i norge. Me har meir inntrykk enn me klarar å fordøya, men det er mange dagar igjen, og kanskje me er meir i rute når me er ferdig.

torsdag 19. februar 2009

19. februar - Dag 4


I dag skulle vere ein rolig dag ved poolen utan utflukter og storslagen pengebruk. Me fekk endra planane dao Gunvor sine utslett tok av og gav grunn til bekymring. Etter konsultasjon pao legekontoret pao Leikanger og ving sin representant i Gambia, fann me ut at me maatte snakka med ein lege. Me koeyrde til Lamtoro klinikken, og fekk sjao ( upper class ) Afrikansk helsevesen in action. Prisen for konsultasjonen var eit par-tre Gambiske maanadsloenner og byte av malariamedisin kom i tillegg. Det er utan tvil betre aa vere frisk og rik enn fattig og sjuk.
Det ordna seg til slutt, og etterpao slappa me ao i poolen. Naar me blei leie gjekk me pao bui. Me fekk oevd oss pao aa vera hoeflig avvisande mange gonger, og var stolte av oss sjoelve naar me kom heim. Turen gjekk innom fiskemarkedet der me takla ein "skipper" rimelig greit, og innom supermarkedet der ei lokal Sittona skulle "hjelpa" oss naor me ikkje ville/trong.
Pao veg heim vart me praia av ein frivillig ( Morgan Freeman) frao raude kross skulen som takka for bidraget me gav naor me var innom... det var roerande.
Aldri ein dag i afrika utan lering og opplevingar.

onsdag 18. februar 2009

18. februar - Dag 3


I dag var det 17. mai i Gambia. Me reiste til Banjul for aa oppleve independence day med Jados, som er offisiell guide. Me fekk sjao eit fantastisk opptog med korps og skular akkurat som heime. I tillegg var det militere og ulike foreiningar. Mykje braok, dansing og trommer. Etter pao gjekk me for aa sjao Arch 22, som er eit landemerke i Banjul. Bygget er 7-8 etasjar hoegt og me kunne gao opp pao toppen og fao eit flott utsyn over byen. Pao veg heim gjekk me pao eit supermarked, og fann alt me trong. Det me har lese om mangel pao varer i Gambia stemmer nok ikkje. Gunvor har faott noken utslett, og Jados har reist pao apoteket med ho, for aa finne eit botemiddel. Jados handlar for oss og fiksar det meste, han har vist adoptert oss. Han har vist oss " Tha Hood" med mange fattige folk og daarlege roenner. Me foeler oss meir mentalt i stand til aa takla "The Bumsters" no, men me gaar nok i baret nokre ganger til. Dei er flinke til aa overtale. I morgon blir nok ein sloevedag.

tirsdag 17. februar 2009

17. febr. - Dag 2


I dag skulle me slappa av pao strondi og ikkje gjera mykje.
Foerste del gjekk greit, men so forandra det seg litt. I eit forsoek pao aa kjoepa ein hatt fekk me spoersmaal om me kunne hjelpa med aa skaffa ein fotball. Det ville me gjerne, og fekk ein "hjelpar" med paa kjoepet. Han var "bror" deira, og skulle vera guide. me vakkje so interessert, men han blei med likavell. me dro ti da lokale markedet, ein plass me aldri ville reist inn pao. Dette e da mest eksotiske me har sett i vaart liv, og me ville ikkje ha ete noko som kom derifrao. Me handla fotball til gutta til sikkert dobbel pris. Gutta likte dette. Vidare viste gutane oss Red cross skulen. der sang dei Fader Jakob pao norsk for oss. Me fekk handla Kokosnut krem, den betalte me ogso godt for. Me ha booka oss ein lokal guide til Banjul i morgon. I morgo er det 17.mai i Gambia, me skal sjao pao parade i Banjul

mandag 16. februar 2009

16 februar - Dag 1


No e me endeleg kommen fram te Gambia.

Da va om muleg eit stoerre kulturelt problem enn me trudde....

Ha lese pao forehand at da va mange gutta so ville vera til hjelp...mot betaling, men va kje klar for at me fekk moeta da allereie pao flyplassen. Me har hatt ei bratt leringskurva... men Roar ha faott seg ein venn ved namn Bob. Hotellet e fint, bra restaurant og leilighet. Me bur eit sputt vekke frao strondi, og ha havutsikt!!!! I morgo ska me pao infosamling og fao veta ke me ska gjera her og ikkje...

lørdag 14. februar 2009

Da nærma seg...

No er da berre litt over eit døgn igjen før me fere austover... og sidan sørøve.... Akkurat no prøva mori å gå gjennom med gutta kva me må hugsa å ta med, men ho får øye lite gehør.... Gutta e enige, detta går bra, da verka so du ha tenkt på da mesta..me ha kontroll....
Sanninga e at dei ha kje peiling....
Gleda oss te turen dao:-)

mandag 9. februar 2009

Ei veke igjen




Me fere til Gambia om ei veke. Gleda oss til varme:-)
Er ferdige med all vaksinering , skal begynna med malariatablettar på laurdag. Me reiser austover på søndagen, mandagsmorgonen flyr me sørover. Her er bassenget på hotellet vårt.