lørdag 21. februar 2009

21. februar - Dag 6


Me reiste på fisketur i dag. Me skulle på creek fishing som er fiske i brakkvatnet ytst i «fjorden», dvs Gambiafloden. Ein lang utfart gjennom mangroveskogen fekk mor og far til å minnast naturprogramma frå barndommen. Jonas svarte berre «Sverre M kefornoke». Me reiste i ein svær båt (sikkert 40 fot) som me hadde heilt for oss sjølve.
Utstyret var krok m agn og søkke. Agnet var fiskebitar og reker. Jonas fekk første fisken som var liten og søt. Me fekk ikkje med oss namnet på dei to små sortane me fekk, men dei beit villig vekk. Gunvor fekk den første butterfish, som er ein tung, tett fisk som slost bra. Denne fisken har kraftige tenner og bles seg opp når du tek han av kroken, morsom å få. Vårt hovudmål var å fanga barracuda, og me trudde Gunvor fekk ein etter ei stund på sjyen. Ho trekte opp ein småfisk, og «barracudaen» hadde bite seg seg fast i fangsten. Trass heltemodig innsats med hoven klarte ikkje Gunvor og kapteinen å landa beistet. Etter ei stund fekk Roar den første av denne fisken rett på kroken. Me fekk han ombord, og den vart artsbestemt som silverfish. Ikkje så rart eigentleg for fisken var skinande søvblank og rundt ein alen lang. Seinare høyrde me folka på hotellet kalla han snakefish som også var logisk, sidan han var lang og bukta og vrei seg som ein slange. Seinare hadde både Roar og Gunvor slike rakkarar hengande i fangsten, men me myste dei trass hard kamp. Jonas landa to stykker av desse, og kom til slutt ut som champion på turen med 19 fisk. Fiskeutstyret hadde fortom av stål, og den vart biten over fleire gonger. Afrikanske fisk har skarpe tenner.
Alt i alt fekk me vel rundt 40 fisk på tre-fire timar, og mannskapet var vel nøgde når me sette nasen heimover. Ingen tykte det var rart at kaptein lot fisken ligga i sola i denne tida (det er vel slik dei gjer det her). Vel heime vart me plukka opp av trufaste Musa (må jo ha privatsjåfør, må vita) som tok oss attende til hotellet. Jados var svært opptatt av å få utnytta all fisken, og etter at kokken hadde plukka ut matfisken som me skal få til kvelds, tok han med seg resten. I Gambia kastar ein ikkje hyser ein gang. Me får litt perspektiv på vår livsstil når me ser korleis Gambiarar ser på ein begrensa ressurs som mat. Når me ikkje klarar restan av appelsina vår, nøler ikkje guiden vår med å eta opp resten (men han et ikkje det kvite).
I ettermiddag har me site utanfor kåken vår og slappa av og fordøyd intrykka frå dagen. Me er godt nøgde, og Jonas fekk fisketuren sin.... HAPPY!!!
Snart skal me ut og eta fangsten vår, me gler oss. Håpar at det vert opptur, sidan me jobba så «hardt» for å skaffa han. Luksusdyra vil jo gjerne at dagens innsats skal verta ei kulinarisk oppleving.

2 kommentarer:

  1. Ser ut til at de har det flott med mange nye erfaringar. Har opplevd det same når ein reiser litt utanom turistmaskinene! Kos dokke vidare!

    SvarSlett
  2. Hallo! Ser ut som at de ha da rimele greit! I Trondheim e da 1 meter med snø! Fhu!!! Gleda meg te å sjao meira bilde, og å høyra meir om reisen seinare! Kos dikka!!

    SvarSlett